FIRE  ÅRSTIDER  | ELVER OG SJØ BESTILLINGS INFO  ILLUSTRASJONER  |  OLJEMALERIER  |        UTSMYKKING  |  OM KUNSTNEREN  |  E-POST   

 

Vik: Det skal meir til enn makk og blysøkkje når Michel Velickovic dreg på
 fisketur i Vikja. I går morgon landa han ein laks på 8,8 kilo - fisken er den 10. i 
 årets sesong. Han har fått hjelp av ei blondine.

      Dette er ingen blondinevits: 

 Blonde hårlokker festa til fiskesnøret er det lure knepet Michel Velickovic brukar i Vikja.

 
 
Kombi - tur

 - I fjor var eg innom Vik tre ganger. Fisken

beit villig i avgust og september.

 Difor er det naturleg å koma tilbake,

seier Michel Velickovic.

   Han landa totalt 12 fiskar i 1994.

- Det flotte ruggen i går morgon var nummer

  10 denne sommaren, og er kanskje den siste.

  I morgon er det slutt på fisket i Vikja  då eg

må tilbake til Bergen der eg er musikklærar.

  - Michel Velickovic har vore  ivrig med fiske

-stanga på elvekanten når han ikkje jobbar på

  hotellet. 

 -  Eg kombinerer fiskehobbyen med litt 

underhaldning bak orgel og mikrofon i kroa.

Prøv eit par blonde hårlokker festa til fiskesnøreter- kanskje sommarens beste fisketips for laksefiskarar!

 

 Overtruisk
 
     Det var i sommer Michel Velickovic kom over fisketipset som han synt seg å vera ganske så

   effektivt.  - I ei bok med gamle fiskehistorier stod det om laksefiskarar som festa blond  

   hårstrå til fiske snøret. Det skulle bringa fiskelykke.

 - Du er sjølv mørk i håret. Kven har du brukt saksa på?

 - På hotellet fekk eg hjelp av ei lys stuepike. Dagen etter var det fisk på kroken.

 - Har du verkeleg tru på at det er hårlokkene som lokkar laksen til å hogga etter agnet?

  -Litt overtruisk må ein vera, elles nyttar det ikkje med slike knep. Alle laksefiskarar har sine

   hemelige knep, som dei tror på, og er alle "eksperter" for seg sjølv, meir eller mindre.

   Det er viktig å liksom vera i eitt med naturen, og "tenkjer"som laksen når ein er på fisketur.

   Tid og stad er gløymt, - det er berre du og fisken ute i elva, seier Velickovic.

 

Opp klokka fem

 
 
 - Kor lenge er du i elva?
 - Eg er oppe klokka fem om morgonen. 
 I elva blir det fiske fram til frukost i 10 - tid.
 I frednings perioden, fra 12 til 16, legg eg meg
 ned på og slapp ar av på hotellrommet.
 Når fisket startar på etter middagen, held eg
 på til klokka åtte om kvelden. Men det hender
 også at klokka strekkjer seg mot midnatt før
 eg ruslar tilbake til rommet. 
 - Kva gjer du med fangsten ?
 - Familie og venner får smaka på den lekre
 fisken.
 Den er berre herleg spesielt - røykjelaksen!
                  
     

Michel Velickovic med ein laks på 8,8 kilo.

 "SOGN AVIS" 1995